Beskrivelse
Denne boka er eit festskrift i høve 70-årsdagen til komponisten, pedagogen, dirigenten og samfunnsmennesket Magnar Åm. Heilt frå starten av komposisjonsarbeidet hans har musikken som erkjenningsform stått sentralt, men også trongen til å bryte grensene mellom etablerte former og konvensjonar. Dette har fungert som leietrådar også for bidraga til denne antologien. Målet har ikkje berre vore å lage eit heidersskrift til éin person, men å vere ei kjelde til ny innsikt. Musikk og litteratur handlar om skaping og formidling av meining. Slik sett er det paradoksalt å snakke om stille som eit sentralt kjenneteikn ved desse kunstartane. Men alle som les og lyttar aktivt, veit at det er meir å hente i kunsten enn det som ligg i det umiddelbare og eksplisitte uttrykket. Stemma (i vid tyding) har stilla som si komplementære motsetning. Første hovuddel av antologien gir ein kortfatta teoretisk bakgrunn for ei tverrvitskapleg forsking på musikk og litteratur. Bidraga som følgjer ser ikkje på kunstverka berre som ferdige produkt, men som delar av ein levande praksis, i møtet mellom komponist, forfattar, musikk, tekst, utøvar og mottakar. I neste del blir vi tekne med inn i verkstaden til komponistar og musikarar som kommenterer musikken til Magnar Åm, men også sin eigen i dette lyset. I siste del kryssar vi grensa mellom kunsten og andre erfaringsformer, med eudaimonia som samlande omgrep: Korleis kan ein kan leve eit fullstendig og meiningsfullt liv? Boka er skriven av forskarar frå ulike fagfelt som litteratur, musikk, naturvitskap, friluftsliv, men også av utøvande kunstnarar: komponistar, musikarar og forfattarar. I møtet mellom forsking og kunst, gjennom vitskaplege artiklar og faglege essay, oppstår det ein samtale som skaper erkjenning på tvers av fastlåste grenser.
Om boka
ISBN | 9788202763251 |
---|---|
Utgiver | Cappelen Damm akademisk |
Utgaveopplysning | 1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2022 |
ISBN på tilsvarende papirutgave | 9788252180015 |
Originalt format | EPUB |
Redaktører | Geir HjortholHelga Synnevåg LøvollElizabeth OltedalJan Inge Sørbø |